Underdal Stølsysteri SA

Ysteriet midt i verdsarven - I Undredal er osteproduksjon ein levande del av bygda si sjel. Gjennom generasjonar har mjølka frå eigne geiter blitt foredla til ost – ein tradisjon som framleis står sterkt i dag.

Bak Undredal Stølsysteri SA står tre familiar som har ført dette handverket vidare inn i ei ny tid. Som det første geitostysteriet i Noreg med full autorisasjon for produksjon og sal i heile Europa, blir det produsert både kvit og brun ost av rå mjølk – utan pasteurisering. Slik blir dei naturlege kvalitetane i mjølka tekne vare på, i tråd med ein stolt europeisk ystetradisjon der smak og kvalitet heng saman med dyrevelferd, landskap, jordsmonn og beite.

Ostane blir laga av fersk mjølk frå eigne geiter. Mjølka frå kvelden før og morgonen same dag går direkte i ystekjelen, utan varmebehandling. Det blir ysta frå måndag til fredag i sesongen frå februar til oktober. Overskotsmjølka blir levert til Tine, og ved produksjon av både kvitost og brunost blir heile råvara nytta.

Ynskjer ein å kjøpe ost i Undredal, finst det fleire moglegheiter. I sommarhalvåret held Undredal Bryggje ope, med sal av kvit og brun Undredal-ost og spekepølse av geit. Her blir det også servert både kalde og varme rettar, salte og søte smakar frå ysteriet og andre lokale produsentar, i tillegg til eit variert utval av drikke.

Underdalsbui er open gjennom vinteren måndag til fredag frå kl. 10.00 til 17.00, og til kl. 15.00 på laurdagar. Her finst eit godt utval av kvit og brun ost, spekepølse av geit, kjekjøt, honning og annan lokalmat. I sommarhalvåret er butikken open kvar dag med utvida opningstider.

Det er også mogleg å bestille ost direkte på deira nettsider https://www.undredalsost.no

 

Underdal Stølsysteri
Undredalsvegen 43

5746 Undredal
T: 90718655

post@undredalstolsysteri.no

https://www.undredalsost.no

Instagram

Facebook

Bestill ost her

 
 

Galleri

lokal matGasta Design